Sykkel-VM kjem til Sotra

Sykkel-VM i 2017 skal arrangerast i Bergen, Sotra og Øygarden.

Det internasjonale sykleforbundet (UCI) offentleggjorde torsdag ettermiddag at bergensregionen får Sykkel-VM 2017.

Meisterskapsplanane blir ofte presentert som VM i Bergen. Men vesentlege delar av VM skal foregå vest om Sotrabrua, mellom anna med lagtempo-start frå Kollsnes og så målgang i Bergen. Fellesstarten for menn er planlagt med ei sløyfe rundt vestsida på Sotra. CK Sotra har vore med i planlegginga av løypetraseane.

VM er eit stort arrangement som samlar rundt 2000 utøvarar og 1200 pressefolk, og som når ut til opp mot 300 millionar tv-sjåarar.

Førre gong sykkel-VM vart arrangert i Noreg, var i Oslo i 1993.

Faksimile artikkel i Vestnytt 25.09.2014

Aktuell informasjon om sykkel-VM:

http://sykkelivest.no

https://bergen2017.no